HeimKultur og fritidFrivilligsentralen

Frivilligsentralen

Frivilligsentralen har knytt til seg ei rekkje frivillige. Desse bidrar mellom anna til middagskøyring til heimebuande eldre, kulturtime på Velferdssenteret, besøks- og følgjeteneste og pensjonisttreff. 

Middagskøyring til heimebuande

Kvar dag, året rundt, kjører tre frivillige ut varm middag til heimebuande eldre. Middagen vert levert frå Radøy matsørvis på Velferdssenteret.

Ta kontakt med heimetenesta, Radøy matsørvis eller Frivilligsentralen for meir informasjon.

Kulturtime på Velferdssenteret

Kvar onsdag inviterer me til hyggjetreff på Velferdsenteret. Me samlast i Storstova på avdeling D mellom kl 10.30 og 11.45. På programmet har me musikk, sitjedans, felles song og hyggjeprat.

Besøks- og følgjeteneste
Helsetur

Frivilligsentralen arrangerer kvart år, i samarbeid med Vitaltour, feriereiser til Kypros. Målet med desse turane er å gje dei reisande ein tur der helse, trivsel og tryggleik er i fokus.

Sosialt samvêr med morgontur, utflukter, soling på stranda, seniordans, underhaldning og bingo er ein del av aktivitetane.

Vil du vera med på tur, ta kontakt med frivilligsentralen. 

Pensjonisttreff

Fyrste måndag i månaden inviterer Eldrerådet og Frivilligsentralen til temadag i Prestegarden. Kaféen opnar kl. 1000, med sal av kaffi og rundstykke. Her kan ein koma inn og slå av ein prat og lesa dagens aviser.
Mellom kl. 1030 og 1230 har me eit særskilt tema som vert tala om. Informasjon frå rådmann er ein av programpostane. I tillegg har me allsong og kanskje kjem det nokon og opptrer for oss t.d. songgruppa frå LHL m.fl.

Kvar tysdag mellom kl 1030 og kl 1230 er det pensjonisttreff i Prestegarden. Her møtest 15-20 pensjonistar til sosialt fellesskap, kaffi, prat og bingo. Nokre gonger vert det arrangert turar eller andre aktiviteter.

Torsdagar mellom kl 1100 og kl 1330 er det pensjonisttreff i Prestegarden. Då samlast heimebuande eldre til felles hyggjestund og ein god middag. Dersom Du skal ha middag, må du møta før kl 1130. Middagen startar kl 1200. Maten vert levert frå Radøy Matsørvis.

Aktivitetane vert omtalt i lokalavisene laurdagen på førehand og er opne for alle pensjonistar. Inga påmelding.

Dersom du har forslag eller ynskje om eit anna tilbod - ta kontakt!!

Ynskjer du å bidra som frivillig?

Kom innom frivilligsentralen i gamle prestegarden, eller ta kontakt med dagleg leiar. 

Ynskjer du hjelp frå frivillige?

Kom innom frivilligsentralen i gamle prestegarden, eller ta kontakt med dagleg leiar. 

Kontakt

Frivilligsentralen
Mangersnesvegen 2 (Gamle prestegarden)
5936 MANGER
Tlf kontor: 56 34 90 30

Dagleg leiar: Birthe K. Bjørstad
Mobil: 979 71 215
Birthe.krakenes.bjorstad@radoy.kommune.no


Sist oppdatert: 19.09.2019
Publisert: 25.07.2018