HeimKultur og fritidDen kulturelle skulesekken

Den kulturelle skulesekken

Radøy kommune får årlege tilskott frå Hordaland fylkeskommune til Den kulturelle skulesekken (DKS). I tillegg arrangerer Hordaland fylkeskommune ulike turnear til skulane rundt omkring i Hordaland. DKS skal bidra til profesjonelle kunst- og kulturopplevingar for elevar i grunnskulen. Som kommune ønskjer vi å leggje til rette for ulike typar tilbod på ulike kulturarena og i skulane.

Elevar og skular skal gjennom ordninga få oppleve, gjere seg kjent med og utvikle ei forståing for profesjonell kunst- og kulturuttrykk av alle slag. Kulturtilboda skal være av høg kvalitet og vise heile breden av kulturuttrykk:

  • Scenekunst
  • Visuell kunst
  • Musikk
  • Film
  • Litteratur

 

Kva skjer i Radøy?

Radøy kommune har vedtatt ein plan for Den kulturelle skulesekken i kommunen. Planen styrer kva for aktivitetar som skjer på dei ulike skulane. 

Plan for den kulturelle skulesekken

Kontakt oss


Sist oppdatert: 12.12.2018
Publisert: 12.12.2018