HeimKultur og fritidBorgarleg vigsel

Borgarleg vigsel

Før du tar kontakt med kommunen

Før de giftar dykk, må Skatteetaten sjekka om de oppfyller krava til ekteskap.

Trykk her for å gå til Skatteetaten sin rettleiar for vegen til ekteskapet.

På heimesida til Skatteetaten kan de fylla ut dei skjema som skal til for at Skatteetaten kan senda ein såkalla «prøvingsattest» i retur til dykk.

Det er viktig å merka seg at:

  • Prøvingsattesten er gyldig i fire månader og må vere gyldig den dagen de skal gifte dykk.
  • De må senda den orginale prøvingsattesten til oss, ikkje ein kopi.
  • Prøvingsattesten sender de til: Radøy kommune, Radøyvegen 1690, 5936 Manger. Merk brevet med «vigsel». De kan og levera attesten på rådhuset på Manger.

Slik bestiller du tid

Når me har fått den gyldige prøvingsattesten, kan de avtala tid for vigsel med oss.

Ønska tid sender de på e-post til postmottak@radoy.kommune.no

  • Sett opp alternative datoar, i tilfelle me ikkje klarar å møte førstevalet.
  • Me sender deg eit samtykkebrev når tida for vigsel er bestilt.

Me vil opna for vigslar alle dagar i veka.

Kvar og når skjer seremonien?

Me har vigslar i Tingstova på Manger. Me vil og vurdera andre ønske.

Kva kostar det?

Det kostar ingenting å gifte seg i Tingstova

Kven står for vigselen?

Våre godkjente vigslarar er:

  • Ordførar Jon Askeland
  • Varaordførar Jostein Borlaug
  • Rådmann Jarle Landås

Sist oppdatert: 02.01.2019
Publisert: 06.11.2018