Bibliotek

Opningstider

DagKlokkeslett
Måndag 16-20
Onsdag 13-20
Laurdag 11-15

Låna bøker, e-bøker, filmar og aviser

Slik blir du ein lånar
  1. Ta med deg legitimasjon på biblioteket.
  2. Ta kontakt med ein tilsett på biblioteket og be om hjelp til å bli registrert.
  3. Du kan velje mellom eit lokalt eller eit nasjonalt lånekort. Det lokale lånekortet gjeld for alle biblioteka i Nordhordland, medan det Nasjonale lånekortet kan du bruke på alle bibliotek i Noreg. Me må registrera personnummeret ditt om du vil ha eit Nasjonalt lånekort.

Barn låner på foreldra sitt kort fram til dei startar på skulen. Då får barna eit eige kort som ligg på skulen og vert brukt på skulebiblioteket og bokbussen. Det er mogeleg å få eit ekstra lånekort som barna kan bruke på biblioteket.

Lånetid, reservera eller bestilla, levering og purring

Lånetid

Det er gratis og inga avgrensing for kor mykje du kan låne på biblioteket.

Lånetida varierer frå:

  • Fire veker for bøker, lydbøker, tidsskrift og cdar
  • Ei veke for dvdar og snøgglånsbøker, som er eit utval  av dei mest populære bøkene. 
  • Lånetida på materiale bestilt frå andre bibliotek utanfor Nordhordland kan variera.
  • Det siste nummeret av alle tidsskrift og avisene er ikkje til utlån.

Vil du fornya lånet ditt?

Det er mogeleg å fornya det du har lånt to gonger dersom ikkje andre har reservert det. Du kan fornya det du har lånt via e-post, telefon eller via heimesida til biblioteket som du finn på nordhordlandsbiblioteka.

Vil du reservera eller bestilla?

Det er mogeleg å reservera materiale som er utlånt eller under innkjøp.

Dette kan du gjera i biblioteket eller via heimesida vår som du finn på nordhordlandsbiblioteka

Det er også mogeleg å bestilla materiale frå dei andre biblioteka i Nordhordland på heimesida til biblioteket. For å bestilla materiale frå andre norske bibliotek, må du ta kontakt med biblioteket. Når materialet som du har reservert eller bestilt kjem til biblioteket, blir det sendt ut ein sms, e-post eller brev til deg.

Slik leverer du

Lever materialet i biblioteket eller i luka utanfor. Det er også mogleg å levera bøker på kultur- og sørvistorget i rådhuset. Dersom du ynskjer det, så kan du få ei påminnning på sms, når lånetida held på å gå ut.

Purring

Dersom du ikkje leverer innan fristen, får du purring.

For dei under 15 år kostar ikkje purringane noko.

Er du over 15 år kostar purringane må du betale:

  • 10 kroner ved første gongs purring 
  • 20 kroner ved andre gongs purring 
  • 100 kroner ved tredje gongs purring

Om du ikkje leverer materiale etter tre purringar, sender me erstatningskrav for det du har lånt. Erstatningskravet er på det som materiale kostar i tillegg til purregebyret. Erstatningskrav gjeld både for dei som er under og over 15 år.

Låna bøker

Søk i biblioteksbasen

Innlogging Mine sider

Låna e-bøker

Utlånssystemet består av ein app. Tenesta krev at du har lånekort ved eit folkebibliotek eller eit bibliotek ved ein vidaregåande skule i Hordaland.

Slik låner du e-bøker frå biblioteka i Hordaland

Kortfilmar og dokumentarfilmar

Biblioteket tilbyr gratis streaming og nedlasting av norsk kort- og dokumentarfilm via appen Filmbib eller streaming via nettsida filmbib. Du treng eit Nasjonalt lånekort og pin-kode for å logga deg på tenesta.

Lån av aviser og tidsskrift 

Biblioteket tilbyr e-tidsskrift og e-aviser på mange ulike språk via appen PressReader. For å få tilgang til desse avisene og tidsskriftene, må du koma på biblioteket og vera på biblioteket sin wi-fi for å opna PressReader. Du har då automatisk tilgang til avisene og tidsskriftene i 72 timar. Etter 72 timar kan du koma på biblioteket att og då vil du få tilgang i 72 nye timar. Det er også mogeleg å lesa desse avisene og tidsskrifta på biblioteket sine pc-ar.

PressReader

 

”Biblioteket heim til deg”

Ordninga "Biblioteket heim til deg" gjergjer det mogeleg for brukarar som av ulike grunnar ikkje fysisk kan besøke biblioteket, å få køyrd heim til seg bøker eller anna som dei ønskjer å låne.

Forteljingar frå Radøy 

Memoar  

Trådlaus nettverk og datamaskiner

Biblioteket tilbyr trådlaust nettverk og oppdaterte datamaskiner til bruk for publikum.

Arrangement

I biblioteket kan ein få kulturelle opplevingar av ulike slag og det vert med jamne mellomrom arrangert teaterframsyninger for store og små, forfattartreff, musikkafé og anna. Sjekk Kva skjer på den felles biblioteksida  nordhordlandsbiblioteka eller aktivitetskalenderen på startsida.

Meir informasjon

For meir informasjon, sjå vår felles heimeside nordhordlandsbiblioteka.

Kontakt 

Radøy bibliotek
Idrettsvegen 15
5936 Manger
Telefon: 56 34 91 13 / 470 26 335
E-post: biblioteksjef@radoy.kommune.no

Biblioteksjef: Anne Elisabeth Waage


Sist oppdatert: 09.01.2019
Publisert: 31.05.2018