Kommunepsykolog

Om psykologitenesta i Alver

Psykologtenesta i Alver er eit lågterskeltilbod til personar med psykiske plager og lidingar, livskriser og andre utfordringar som verkar inn på den psykisk helsa.

Vi krev ikkje tilvising frå lege, men i mange tilfelle er det nyttig med bakgrunnsinformasjon frå lege og/eller andre kommunale tenester for å kunne gje best mogleg hjelp.

Vi tilbyr helsehjelp for milde til moderate psykiske lidingar noko som inneber nødvendig kartlegging samt behandling og rådgjeving i ein kortare periode. Fokus er på å avhjelpe psykisk vanskar og å forebygge utvikling av meir alvorleg problematikk. Vi har eit spesielt fokus på barn og unge og deira oppvekstvilkår.

Grunna stor pågang må vi gjere prioriteringar i kven vi kan hjelpe, men vårt mål er å vere ein ressurs for innbyggarane i Alver kommune. Tenesta omhandlar både individuell oppfølging og gruppetilbod og vi samarbeider både med helsestasjon og avdeling rus og psykisk helse.

Kva kostar det?

Tilbodet er gratis.

Kontakt oss

John Petter Wadseth, Fagansvarleg kommunepsykolog
Telefon: 94 51 18 54

Foreldrerettleiing

Alver kommune tilbyr gratis COS-P, DUÅ, ICDP og Hold meg -slipp meg foreldrerettleiing.

Trykk her for informasjon om tilboda

Angsmeistringskurs for barn og ungdom

Cool Kids - angstmeistringskurs for barn, 8-12 år

Det er vanleg å vere redd eller bekymra av og til. For enkelte barn blir frykt og bekymringar så omfattande at ein ikkje får gjort det ein eigentleg har lyst til. Mange opplever å vere heilt aleine om å ha det slik. I Cool Kids-gruppene får du treffe andre som har det på samme måte, og du får hjelp til å utfordre angsten. Cool Kids er eit evidensbasert tilbod, der mange barn med angstutfordringar har vist seg å få det betre i etterkant.

Kurset består av ti gruppesamlingar på 1,5 time. I gruppa deltek mellom seks og åtte familiar, under leiing av to Cool Kids-terapautar. Alle barn har med seg ein forelder/føresett til kvar samling. I gruppa lærer ein kva angst er, og borna blir kjent med sitt eige reaksjonsmønster. Både born og foreldre lærer seg nye strategiar for å handtere angst og bekymring. Det viktigste i Cool Kids er å hjelpe barnet til trinnvis å møte det han eller ho er redd for. Foreldra har ei sentral rolle i prosessen gjennom å støtte borna til å sjølvstendig meistre nye situasjonar, som krev at ein gjennomfører øvelsar heime mellom samlingane.

Kurset blir gjennomført ein gong per halvår, så snart ein har nok deltakarar. Dei som ønskjer å delta får tilbod om ein individuell kartleggingssamtale i forkant, for å avklare om tilbodet er rett for ditt barn.

Påmelding:

Kontakt psykologtenesta i Alver på telefon: 46 28 07 71


Chilled - angstmestringskurs for ungdom,13-17 år


«Chilled» er kurset for deg mellom 13 og 18 som til dømes

  • gruer deg for å vere i store folkemengder
  • unngår å ta ordet i vennegjengen eller klasserommet
  • er redd for å ta bussen eller reise vekk
  • på andre måtar opplever at livet blir vanskelig, fordi du ofte blir redd og overvelda

«Chilled» er eit kurs for deg som ønsker å å lære deg nye strategiar for å handtere angst, saman med andre som opplever det same. Forsking syner at mange ungdommar får det betre etter å ha delteke på Chilled. I gruppa får du lære korleis angst fungerer, og bli kjent med ditt reaksjonsmønster. Du lærer å handtere angst og bekymring på nye måtar. Den viktigste strategien du får lære er å møte det du er redd for i gradvise steg - med hjelp frå nokon du stoler på.

Kurset går over ti samlingar på 1,5 time. Det vil vere mellom 5 og 10 ungdommar som deltek, i tillegg til to Cool Kids-terapautar. Dette er vaksne med lang erfaring i å snakke med ungdommar. Kurset vil foregå i skuletida, og dei som treng det kan be om dokumentasjon til skulen.

Kurset blir gjennomført ein gong pr. halvår, så snart ein har nok deltakarar. Ønskjer du å delta vil du få tilbod om ein individuell kartleggingssamtale i forkant, for å avklare at tilbodet er rett for deg.

Påmelding:

Kontakt psykologtenesta i Alver på telefon: 46 28 07 71


Sist oppdatert: 21.12.2023
Publisert: 11.11.2019