HeimHelse, sosial og omsorgNedsett funksjonsevneSøkja brukarstyrt personleg assistanse (BPA)

Søkja brukarstyrt personleg assistanse (BPA)

Er du under 67 år og har nedsett funksjonsevne og treng hjelp i kvardagen, kan du søkje om brukarstyrt, personleg assistanse (BPA).

Du som søkjer må ha eit langvarig og stort behov for hjelp.

Slik søkjer du

Om du ynskjer å søkja om brukarstyrt personleg assistent (BPA), ta gjerne kontakt med einingsleiar i heimetenesta Johnny Brattetaule tlf. 56 34 91 37 på førehand.  

Søknad om kommunal helse- og omsorgstenester

I søknaden må du skildra behovet ditt og grunngje kvifor du søkjer.

Sidan søknaden inneheld opplysningar om helsetilstanden din, er det ikkje trygt å sende søknaden på e-post. Søknaden kan sendast: 

Radøy kommune
Pleie og omsorg
Radøyvegen 1690
5936 Manger

Kva skjer vidare?

  • Me vurderer søknaden din, og finn det tilbodet som passar best for deg.
  • Me tar kontakt med deg dersom vi treng fleire opplysningar eller ønskjer å besøke deg.
  • Me prøver å svare deg innan fire veker. Dersom vi ikkje klarer det, tar vi kontakt med deg og fortel kor lang tid det vil ta før du får svaret.

Kva kostar det?

Den personlege hjelpa er gratis. Får du hjelp til praktisk husarbeid i heimen din, må du betala ein eigenandel.

Det er den samla inntekta til husstanden din som avgjer kor mykje du skal betala.

Gebyrsatsar og eigenbetaling

Les meir

Om brukarstyrt personleg assistanse (BPA) på helsenorge.no

Lov om pasient- og brukerrettigheter

Kontakt

Heimetenesta
Idrettsvegen 2
5936 MANGER
Tlf: 56 34 91 91
E-post: johnny.brattetaule@radoy.kommune.no

Einingsleiar: Johnny Brattetaule


Sist oppdatert: 20.02.2019
Publisert: 07.12.2018