HeimHelse, sosial og omsorgKlage på helse- og omsorgstenester

Klage på helse- og omsorgstenester

Kva kan du klage på?

  • At du ikkje har fått tilbod om den tenesta du ønskjer
  • Forhold ved tenesta som du ikkje er nøgd med
  • Kritikkverdige forhold
  • Saksbehandlinga

Klage på vedtaket

Du kan klage på vedtaket vårt, om du ikkje får helse- og omsorgstenester som du sjølv meiner du har krav på. Du kan klage innan fire veker etter at du fekk det endelege vedtaket på søknaden din.

Sidan klagen mest sannsynleg inneheld sensitive opplysningar om deg, er det ikkje trygt å sende klagen på e-post. Klagen kan du levere på rådhuset eller sende til:

Radøy kommune
Pleie og omsorg
Radøyvegen 1690
5936 Manger

Når vi får klagen, må vi gå gjennom vedtaket på nytt og vurdere ei endring. Dersom vi ikkje endrar vedtaket, sender vi klagen din vidare til Fylkesmannen i Hordaland.

Klage på helse- og omsorgstenester

Klage på tenesta

Er du ikkje nøgd med tenesta du får, til dømes på ein sjukeheim, bør du først og fremst ta kontakt med leiinga på sjukeheimen. Ver tydeleg på kva du ikkje er nøgd med og ønskjer at vi skal endre.

Dei som mottar klagen din, må undersøke saka og endre tilbodet dersom det ikkje er godt nok. Får du ikkje medhald, kan du sjølv sende ein skriftleg klage til Fylkesmannen i Hordaland.

Kontaktinformasjon til Fylkesmannen i Hordaland.

Får du medhald, kan Fylkesmannen starte ein tilsynssak. Då må kommunen utbetre eventuelle feil. Får du ikkje medhald frå Fylkesmannen kan du klage til klage til Sivilombudsmannen.

Sida til Sivilombudsmannen

Meir informasjon


Sist oppdatert: 12.12.2018
Publisert: 25.09.2018