Nordhordland legevakt

Besøksadresse og opningstid

Den interkommunale legevakta er lokalisert i Knarvik, med besøksadresse: Kvassnesvegen 48A, 5914 Isdalstø.

Legevakten er døgnopen. Du må ringe før du kjem. Ein sjukepleiar vil svare telefonen, og vurdere kor mykje det hastar for deg å få hjelp. Alle telefonsamtaler til Nordhordland legevakt blir lagra på lydlogg. 

Kven skal du ringe når du treng hjelp?

  • Ring fastlegen din i opningstida. Fastlegen er hovudkontakten din inn i helsevesenet. Du bør alltid ringe til fastlegen først, om det er mogleg.
  • Ring legevakta på 116 117 når fastlegen ikkje er tilgjengeleg og hjelpa ikkje kan vente.
  • Når liv og helse står på spel - ring medisinsk naudnummer 113

Kva kan vi hjelpe deg med?

Nordhordland legevakt si oppgåve er å gje deg hjelp med helseproblem som ikkje kan vente til vanleg kontortid. Nokre døme:

  • Smerter i brystet eller magen
  • Pustevanskar
  • Akutt sjukdom/skade eller alvorlig forverring
  • Nedsett allmenntilstand hos barn
  • Alvorlig psykisk sjukdom
  • Mistanke om komplikasjonar i svangerskap
  • Kuttskader som må syast

Legevakta er ikkje meint for deg som har ei vanlig forkjøling eller sjukdom over fleire dagar utan akutt forverring.

Om du må vente, er det fordi andre treng hjelp raskare

På Nordhordland legevakt hjelper vi alltid dei sjukaste først. Pågangen varierer, og legen kan også bli kalla ut til akutte hendingar. Derfor kan vi ikkje gje deg ein "fast" time. Om du må vente, er det fordi vi prioriterer andre som kanskje er i livsfare.

Kva kostar det?

Nordhordland legevakt krev betaling etter faste takstar. Om du betaler kontant eller med kort, unngår du faktureringsgebyr.

  • Prisliste heng på venterommet
  • Ta med eventuelt frikort
  • I nokre tilfelle kan du få refundert transportutgifter. Det kjem an på kor alvorleg tilstanden din er
  • Telefonrådgjeving er gratis

Sist oppdatert: 06.12.2018
Publisert: 25.09.2018