Radøy legesenter

Kontakt Radøy legesenter

Telefon 56 34 90 90
Fax: 56 34 90 89

Helsehuset
Radøyvegen 1621B
5936 Manger

Ved akutt sjukdom eller skade

Ring Nordhordland legevakt på telefon 116117

eller ring 113

Opningstider

Ekspedisjon:

Måndag 08.30-15.00
Tysdag til fredag 08.00-1500

Sentralbord:
Måndag til fredag 08.00-11:30 og 13.00-14.30

Tinging av time eller resept på nett

Helsenorge

Helserespons

Fastlegeordninga

Fastlegar på Radøy legesenter
  • Dr. Halvard Martin Aag
  • Dr. Ingmund Kvinge
  • Dr. Gunn Mali Steen Sund
  • Dr. Lene Therese Grindheim

Dersom du har rett til fastlege, kan du sjølv finna og byta til ønska lege på helsenorge.no. No kan du og setja deg på ventelista dersom legen du ønskjer ikkje er ledig.

Byte av fastlege på helsenorge

Kva kan fastlegen din tilby?

​​​​​​​​Din fastlege tilbyr inntil fire tenester på helsenorge.no. Kor mange tenester du vil sjå når du loggar deg inn vil vere avhengig av kva tenester din fastlege har valgt å tilby. Dei fire tenestane er:

  • Start e-konsultasjon
  • Kontakt legekontoret
  • Forny resept
  • Bestill time​

Les meir om desse fire tenestane på

 helsenorge.no

Frikort

Informasjon om frikort

Frikort for eigendelstak 2 er automatisert frå 1. januar 2017. Frå denne datoen slepp du å søke om frikort for helsetenester. Det kjem automatisk i posten innan tre veker etter at eigendelstaket på 1 990 kroner er nådd. 

Vi har to frikortordningar i Noreg, ei for eigendelstak 1 og ei for eigendelstak 2. Dei gjeld for ulike tenester. Har du fått frikort i den eine ordninga, kan du ikkje nytte det i den andre ordninga. Frikort eigendelstak 1 er allereie automatisert, og frå nyttår vart også ordninga for frikort eigendelstak 2 automatisert.

I frikort eigendelstak 2 inngår eigendelar for:

  • undersøking og behandling hos fysioterapeut med driftstilskott eller fastlønna fysioterapeut i kommunen

  • nokre former for tannbehandling

  • opphald ved rehabiliteringsinstitusjonar som har driftsavtale med regionalt helseføretak

  • behandlingsreiser til utlandet i regi av Oslo universitetssykehus- Rikshospitalet

Dette er nytt frå 1. januar 2017:

  • Du får frikort eigendelstak 2 utan å søke om det. Det kjem automatisk i posten innan tre veker etter at eigendelstaket er nådd.

  • Eigendelstaket for frikort eigendelstak 2 for 2017 er 1990 kroner

  • Har du betalt for mykje, blir beløpet du har krav på automatisk tilbakebetalt.

  • Aldersgrensa for eigendelsfritak er heva frå 12 til 16 år.

  • Alle pasientar må betale eigendel for behandling hos fysioterapeut – med unntak av born under 16 år og personar med yrkesskade. Dette vart vedtatt av Stortingetved behandling av statsbudsjettet for 2017.

  • Du kan sjølv følgje med på dine registrerte eigendelar ved å logge inn på helsenorge.no.

Frikort eigendelstak 1 – nytt eigendelstak for 2017: 2 205 kroner

I frikort eigendelstak 1 inngår eigendelar frå lege, psykolog, poliklinikk (sjukehus), røntgeninstitutt, pasientreiser og medisinar og utstyr på blå resept.

Dette frikortet får du automatisk i posten innan tre veker når du har betalt over ​2​ 205 kroner i eigendelar i 2017.

Meir informasjon finn du på

Helsenorge


Sist oppdatert: 09.01.2019
Publisert: 25.05.2018