Helsestasjon

Kontakt helsestasjonen

Telefon 56 34 90 91

Helsehuset Radøyvegen 1621B
5936 Manger

Tinging av time på nett

Helserespons.no

Opningstider

Dagleg klokka 08.30-15.00

Kontaktinformasjon helsesøstre

  • Kjersti Risa Marøy   Mobil: 40 90 76 42
  • Henriette Sundfjord  Mobil: 40 90 76 45
  • Jannicke Helland Mobil: 40 90 76 41

Kva tilbyr helsestasjonen?

Helsestasjonen på Manger tilbyr heimebesøk etter fødsel, jevnlige kontrollar dei første 24 månadane, barnekontrollar med lege, vaksinering og prevensjonsrettleiing. Vi har barnekontroll med lege kvar torsdag.Tid til familierettleing vert prioritert.

Skulehelsetenester: Vaksinasjon, helsekontrollar, enkeltsamtaler med elevar og oppfølging av elevar med ulike behov.


Helsesøster har faste kontordagar på barneskulane og i ungdomskulen.

Deltek i helseteam i skulane og i barnehagar.

Helsesøster deltar i undervisning på skulane.

 

Helsestasjon for ungdom

Ungdomens helsestasjon er felles for Nordhordland, og ligg i Knarvik vis a vis Legevakta. Opningstid er onsdager klokka 15.30 - 18.30.
Ungdomens helsestasjon har lege om onsdagane.
På helsestasjon for ungdom kan du få råd og rettleiing om rus, røyk, alkohol, seksualitet, prevensjon, kjønnssjukdommar, psykiske problem, fysisk aktivitet og kosthald. Helsestasjon for ungdom kan og vise deg vidare til spesialist. Helsestasjonen er ei delteneste til den vanlege helsestasjonsverksemda. Tilbodet er gratis, og du treng ikkje å tinge time. Målgruppa er ungdom opp til 20 år.

Skulehelseteneste

Tenesta er eit tilbod om helsetenester til alle skuleelevar under 20 år. Skulehelsetenesta gjev råd og rettleiing, gjennomfører helseundersøkingar og vaksinasjonar og kan, når det er behov for det, vise vidare til anna helsepersonell som fastlege, tannlege eller til ein spesialist. Skulehelsetenesta har også som oppgåve å fremje eit godt lærings- og arbeidsmiljø for elevane.

Helsesøster har kontordagar i skulane i Radøy:

Radøy ungdomsskule Måndag og Onsdag Henriette Sundfjord/Jannicke Helland
Manger barneskule Tysdag Henriette Sundfjord
Hordabø skule Måndag Jannicke Helland
Austebygd skule Kvar 2/3. måndag Kjersti Risa Marøy
Sæbø Skule Onsdag Kjersti Risa Marøy
Småbarnstreff

Baby og småbarnstreff er kvar onsdag klokka 10.00 i kjellaren på Helsehuset (helselagets lokaler) Gravide er og velkomne.

Vaksiner

Vaksinasjon foregår på helsestasjonen og i skulehelsetenesta. Den begynner vanlegvis når barnet er 6 veker gamalt og følgjer vaksinasjonsprogrammet fram til barnet går ut 10.klasse(15-16 år). For meir utfyllande informasjon, sjå fhi.no

Helseteam

Radøy kommune har eit tverretatleg helseteam. Der deltek fagpersonar frå psykisk helse, helsestasjon, barneverntenesta og PPT. Helseteamet har møte ein gong kvar månad til faste tider. Inneverande skuleår er tysdag møtedag, og tidspunkt er frå kl. 12.00 til 15.30. Tilbodet kan nyttast av foreldre, elevar og lærarar. Dei som har brukt helseteamet, har ønskt å ta opp utfordringar som dei står overfor som foreldre, skule eller som ungdom. Dersom du ønskjer å bruke helseteamet, kan du ta kontakt med sosiallærar.

Tilsette på Manger Helsestasjon

Kjersti Risa Marøy

  • Leiande Helsesøster

Henriette Sundfjord

  • Helsesøster

Jannicke Helland

  • Helsesøster

Kathrine Aven Sætre

  • Jordmor

Lene T Grindheim

  • Helsestasjonslege

Sist oppdatert: 06.12.2018
Publisert: 25.05.2018