Tryggleiksalarm

Kva er tryggleiksalarm?

Ein kan ved hjelp av tryggleiksalarm tilkalle hjelp i akutte situasjonar. Tryggleiksalarmen er knytta til ein vaktsentral som formidlar kontakt vidare til heimesjukepleien. Alarmen er knytt til fasttelefonen til søkjar.

Kven kan søkje?

Tryggleiksalarm er eit tilbod til eldre, personar med nedsett funksjonsevne eller andre som kjenner seg utrygge ved å bu aleine. Tryggleiksalarm er ei ikkje lovpålagt teneste, men kan ytast for å dekke eit hjelpebehov som gjev rett til hjelp etter Lov om sosiale tjenester.

Slik søkjer du

Søknad om kommunal helse- og omsorgstenester

Søknadsskjemaet kan du sende til:

Radøy kommune
Pleie og omsorg
Radøyvegen 1690
5936 Manger

Sidan søknaden din kan innehalde sensitive opplysningar, er det viktig at du ikkje sender søknaden på e-post.

Kva kostar det?

Det kostar 309,- per månad å ha tryggleiksalarm.

Tryggleiksalarmen er ikkje lenger avhengig av analog line, men du må ha tilgang til mobilt nett eller fiber.

 

Velferdsteknologi i Radøy kommune

Brosjyre


Sist oppdatert: 27.03.2019
Publisert: 25.09.2018