Matlevering

Slik søkjer du

Søknad om kommunal helse- og omsorgstenester

Søknadsskjemaet kan du senda til:

Radøy kommune
Pleie og omsorg
Radøyvegen 1690
5936 Manger

Sidan søknaden din kan innehalde sensitive opplysningar, er det viktig at du ikkje sender søknaden på e-post.

Kven kan få matlevering?

  • Du må vere ute av stand til å ivareta ditt eige ernæringsbehov
  • Du må forplikte deg til faste leveringsdagar

Kva får du?

  • Middag vert levert i samsvar med vedtak
  • Middagen vert levert mellom klokka 12.15 og klokka 13.30
  • Det vert levert ein porsjonsstorleik à to rettar; anten middag og dessert eller middag og suppe

Praktiske opplysningar

  • Du må søkje om tenesta. Vedtak om matlevering vert innvilga dersom du fyller vilkåra for denne tenesta
  • Diettmat vert levert dersom det er medisinske årsakar til det
  • Avbestilling må skje seinast klokka 14.00 dagen før
  • Brukar må vere tilstades ved levering, eller syte for at nokon tek i mot maten
  • Treng du å auke eller redusere antal dagar med matlevering må dette avklarast med avdelingsleiar

Kva kostar det?

Pris per prosjon inkl. transport: 

Liten: kr 70,-

Stor: kr 80,-

Faktura vert sendt ut på etterskot etter kvar månad

Kontakt 

Radøy matsørvis
Idrettsvegen 2
5936 MANGER
Tlf: 56 34 91 94

Einingsleiar: Solfrid M.Helland

Opningstid
Alle dagar 07.00 – 15.00, eller etter avtale.

 


Sist oppdatert: 20.02.2019
Publisert: 25.09.2018