Hjelpemidlar

Kontaktpersonar i Radøy

Hjelpemiddellageret
Anne Marie Stang (alle dagar unntatt onsdag 8.30 - 15.00)
Telefon 56 34 91 98 / 950 36 416. 

Hjelpemiddel vert og formidla av dei andre fysioterapeutane i kommunen på
Telefon 56 34 90 99, eller av heimetenesta på Telefon 56 34 91 91

Hørselshjelpemiddel
Torill Helland
Telefon 56 34 91 98 (onsdag 9-12)

Synshjelpemiddel
vert formidla av kontaktperson og Synspedagogisk teneste telefon 55 17 50 00

Ein kan og ta direkte kontakt med Hjelpemiddelsentralen i Hordaland. telefon 53 04 03 00

Informasjon om lån av hjelpemiddel

Korttidslån

Har ein trong for hjelpemiddel ein kortare periode, kan ein låne det frå kommunen sitt lager for hjelpemidlar.

Langtidslån

Ved varig trong for hjelpemiddel (over 2 år), søkjer ein hjelpemiddelsentralen i Hordaland om varig utlån på eige søknadskjema, ev med tilleggsskjema.

Utlevering av hjelpemiddel

Hjelpemiddel som er innvilga vert levert heim til lånetakar.

Tilbakelevering av hjelpemiddel

Hjelpemiddel som ikkje er i bruk, skal leverast tilbake til hjelpemiddelsentralen(HMS) eller kommunalt lager. Ta kontakt med kontaktperson eller Radøy kommune som avtalar henting/ innlevering av hjelpemiddel.

Reparasjon av hjelpemiddel

Enklare reparasjonar tek vaktmeister i kommunen seg av. Kontakt Radøy kommune. Meir kompliserte reperasjoner og reparasjon av elektromedisinsk utstyr, er hjelpemiddelsentralen sitt ansvar. Ta kontakt med kontaktperson, kommunen eller direkte med HMS.

Akutt trong for reperasjon av hjelpemiddel

Ta direkte kontakt med Hjelpemiddelsentralen i Hordaland for rask reperasjon av hjelpemiddelet: 

Dagtid/kvardag kl 08-16 tlf. 53 04 03 00, og kvardagar 16-24 og helger kl 08-24 tlf. 99 20 23 55.


Sist oppdatert: 11.12.2018
Publisert: 07.06.2018