Heimesjukepleie

Slik søkjer du

Søknad om kommunal helse- og omsorgstenester

Søknadsskjemaet kan du sende til:

Radøy kommune
Pleie og omsorg
Radøyvegen 1690
5936 Manger

Sidan søknaden din kan innehalde sensitive opplysningar, er det viktig at du ikkje sender søknaden på e-post.

For å søkje om heimesjukepleie kan ein ta kontakt med heimetenesta. Søknad bør sendast på eige søknadsskjema, og det bør liggje ved ein utfyllande legeerklæring om helsetilstand.

Du kan og leggje fram ein munnleg søknad og heimetenesta kan hjelpe deg med å få fatt i dei opplysingane dei treng for å handsama søknaden. Alle søknadane vert vurdert med eit heimebesøk frå tenesta.

Ved vurdering av søkjar sine behov for hjelp legg ein særskilt vekt på:
  • Om søkjar ut frå ein sjukepleiefagleg heilskapleg vurdering er heilt eller delvis avhengig av helsehjelp for å ivareta sine grunnleggjande behov
  • Om søkjar er avhengig av hjelp til legemiddelhandtering, ulike typar prøvetaking, stell av sår med meir.

Tilbodet om teneste vert sett i samanheng med anna hjelp søkjar eventuelt mottek frå kommunen. Det vert fatta enkeltvedtak ved tildeling av tenesta. 

Kva får du?

Du kan mellom anna få hjelp til :
  • Medisinhandtering
  • Dagleg stell
  • Stell av sår
  • Råd og rettleiing om kosthald og helse
  • Råd og retteleiing slik at du sjølv kan meistre oppgåver som til dømes å lage til medisin, skifte stomi med meir.
  • Å stå opp, legge deg og toalettbesøk

Kva kostar det?

Eigenbetaling for heimetenester

Slik klagar du

Her finn du oversikt over korleis du klagar på helse- og omsorgstenester.


Sist oppdatert: 20.02.2019
Publisert: 25.09.2018