HeimHelse, sosial og omsorgHeimetenesterDagtilbod for heimebuande

Dagtilbod for heimebuande

Kva er dagstova?

Dagstova er eit tilbod til heimebuande som ikkje lenger klarar å vere sosial på eige initiativ. Sosialt samver med andre er utruleg viktig i kvardagen til alle menneske.

Kva kan du få ved dagstova?

Med dagstova ynskjer ein å gje kvar enkelt eit tilpassa dagtilbod der oppretthalding av livskvalitet står i sentrum.
Ved dagstova får ein fysisk og psykisk aktivitet kvar dag med ulike aktivitetar som musikk, dans og utflukter.

Eit inkluderande fellesskap der venlegheit  og humor vert brukt som grunnleggjande kommunikasjon gjennom heile dagen. 

  • Dei som kjem skal føla seg verdsett.
  • Samveret skal førebyggja depresjon og einsemd.


Opningstider

Dagstova har ope 5 dagar i veka måndag - fredag. 

Lokalitet

Lokala ligg på Manger i Velferdssenteret. 
Besøksadressa er Idrettsvegen 2, 5936 Manger.

Pris

Dagplass kostar kr 137,- per dag, og inkluderer transport, kaffi, middag og ulike aktivitetar. 

Kontakt Dagstova

Rebekka Vågenes
Telefon: 56 34 91 60
Mobil: 47 45 97 26
E-post: dagstova@radoy.kommune.no

Ein kan og kontakta Heimetenesta v/tenesteleiar Johnny Brattetaule
Tlf: 56 34 91 91
Telefon: 56 34 91 37
E-post: johnny.brattetaule@radoy.kommune.no

 

 


Sist oppdatert: 09.01.2019
Publisert: 25.10.2018