Gravferd

Kven har ansvaret for ei gravferd?

Det er dei næraste etterlatne til den avdøde, som har ansvaret for gravferda.

Trykk her for å gå til paragraf i 9 gravferdslova, der det står kven som blir rekna som dei næraste etterlatne.

Frå fylte 18 år kan ein ved ein skriftleg erklæring fastsetje kven som skal ha rett til å stå for gravferda. Er det usemje om kven som skal sørgje for gravferda, er det kommunen som tar avgjerda. Dersom ingen andre gjer det, vil kommunen der den avdøde budde sørgje for gravferda.

Det er høve til å sørgje for alt sjølv i samband med ei gravferd. Likevel vel dei fleste å bruke eit gravferdsbyrå. Den som har ansvaret for gravferda, avgjer kva gravferdsbyrå han eller ho ønskjer å bruke.

Korleis skal gravlegginga skje?

Gravlegging skal skje med omsyn til den religionen eller det livssynet som den avdøde hadde. Kremasjon kan skje med mindre ein veit at det var i strid med den avdøde sitt ønske. Gravlegginga skal skje seinast ti yrkesdagar etter dødsfallet dersom den avdøde ikkje er kremert. Kyrkjeleg fellesråd kan forlenge fristane dersom det er særskilde grunnar til det.

Kva kostar det?

Eit gravferdsbyrå skal utan å bli beden om det tilby prisliste dersom du spør om gravferdstenester. Ved tinging skal du utan å måtte be om det få eit skriftleg pristilbod. Du skal få rimeleg tid til å setje deg inn i pristilbodet før det blir gjort avtale.

Gravferdsstønad

Du kan søke om gravferdsstønad ved behov.

Trykk her for å lese meir om gravferdsstønad på heimesida til NAV.

Kva seier lova?
Klage

Er det usemje om kven som skal sørgje for gravferda, kan du ikkje klage på avgjerda til kommunen. Det er heller ikkje mogleg å klage på avgjerda til kyrkjeleg fellesråd om å forlenge eller forkorte fristen for kremasjon og gravferd.

Den som har ansvaret for gravferda, kan klage på eit gravferdsbyrå til:

  • Klagenemnda for gravferdstjenester
    Postboks 2900 Solli,
    0230 Oslo

Nemnda består av ein uavhengig jurist (som er leiar av nemnda), ein representant frå Forbrukarombodet og ein frå gravferdsbransjen.

Gravstell

Trykk her for å gå til informasjon om gravstell.


Sist oppdatert: 13.01.2023
Publisert: 06.07.2018