HeimBarnehageVigilo - kontakt heim-barnehage

Vigilo - kontakt heim-barnehage

Kva er Vigilo?

Vigilo er eit kommunikasjonsverktøy for føresette og tilsette i barnehagen som alle dei kommunale barnehagane i Radøy brukar.Som føresett får du m.a meldingar og dagsrapportar frå barnehagen. Vigilo har også eit eige arkiv for bilete til kvart barn. På Vigilo kan føresette registrere fråvær ved sjukdom eller ferie. Vigilo kan nyttast både som app ( gratis) men også via nettlesar.

Korleis får eg Vigilo?

Når barnet byrjar i barnehagen vil barn og føresette bli registrert i Vigilo-systemet. Føresette får tilsendt informasjon for på logging, enten på e-post eller sms. Dersom det viser seg at de ikkje mottar denne informasjonen, så ta kontakt med barnehagen ditt barn går i.

Kva finn eg på Vigilo?

  • Meldingar og oversyn over all kommunikasjon mellom heim og barnehage
  • Fråværsregistrering.
  • Vekeplanar
  • Registreringsrutinar
  • Bilete og rapportar frå barnehagedagen

Kontakt

For spørsmål, kontakt barnehagen  ditt barn går i. 


Sist oppdatert: 01.10.2018
Publisert: 07.08.2018