HeimBarnehageTilpassa barnehagetilbod

Tilpassa barnehagetilbod

Slik melder du frå

Fyll ut skjemaet saman med ein tilsett i barnehagen.

Trykk her for å laste ned og fylle ut meldeskjema (PDF). (Hugs å ikkje sende senisitiv informasjon på e-post, men nytt adressa under.)

Skjemaet sender du til:
Radøy kommune v/ Rita Valdersnes Amundsen
Radøyvegen 1690
5936 Manger

Me prøver å svare deg innan fire veker. Dersom vi ikkje klarer det, tar me kontakt med deg og fortel kor lang tid det vil ta før du får svaret.

Meldefrist

Det er ikkje meldefrist. Du kan melde ifrå om behov for individuell tilrettelegging i barnehagen heile året.

Kva kostar det?

Tilbodet er gratis.

Kva får du?

Barnehagen skal tilpasse tilbodet for barn som treng ekstra støtte i ein kortare eller lengre periode. Det kan vere snakk om sosial, pedagogisk og/eller fysisk tilrettelegging. Tilbodet blir vurdert og justert om behova endrar seg.

Kva seier lova?

Barnehagelova § 19 g skildrar retten til eit individuelt tilrettelagt barnehagetilbod.

Kontakt


Sist oppdatert: 06.12.2018
Publisert: 31.05.2018