HeimBarnehageBarnehageplass

Barnehageplass

Søkja om barnehageplass

Radøy kommune har felles søknadsskjema og samordna opptak for alle barnehagar i kommunen. Søknadsfrist til hovudopptaket er 1. mars.

Det er eitt skjema for søknad om plass i nytt barnehageår, og eitt skjema for søknad om plass, endring eller oppseiing av plass i noverande barnehageår.

 Gå til søknadsskjema for nytt barnehageår

Søknadsskjema for noverande barnehageår

Endra eller seia opp plass

Ynskjer du at barnet ditt skal gå færre eller fleire dagar i barnehagen, i ein annan barnehage eller ynskjer du å seia opp plassen, då må du søkja om dette. Bruk søknadsskjemaet nedanfor. 

Søknadskjema for å endra eller seia opp plass

Tildeling av plass

Alle born med rett til plass som søkjer innan 1. mars får barnehageplass. Dei som har rett til plass er born fødd innan 30. november 2018. 

Søknader som kjem inn etter fristen eller søknader for born som ikkje har rett til plass, vert handsama etterkvart som plassar vert ledige. Hugs at du må senda ny søknad innan 1. mars dersom du står på venteliste. Dersom du har fast plass, treng du ikkje søkja på nytt!

Ein vil få svar på søknader til hovudopptaket i løpet av mars månad. Søknader som kjem elles i året, vert svara på fortløpande.

Spørsmål om barnehageopptaket?

Kontakt kommunalsjef for oppvekst Olaf Hella tlf. 56 34 90 18 eller Rita Valdersnes Amundsen tlf. 56 34 90 66 eller den aktuelle barnehagen.


Sist oppdatert: 31.01.2019
Publisert: 19.04.2018