HjemNyheiterVil få fleire til å jobbe heiltid

Vil få fleire til å jobbe heiltid

Innbyggjarane i Alver kommune blir stadig eldre. Samstundes er helsetenesta prega av deltidsstillingar. No tek kommunen grep for å møte utfordringa.
Publisert: 19.09.2022
Sist endra: 19.09.2022

– For å møte Alver si utfordring med å levere gode tenester for morgondagen, må kommunen få fleire til å jobbe i 100 % stilling og auke stillingsprosenten til deltidstilsette, seier HR-rådgjevar Hilde Bognøy Kleivdal. Ho skal saman med ei prosjektgruppe leie arbeidet med å bygge heiltidskultur i Alver kommune.

– Heiltidskultur betyr å tenke nytt om korleis vi organiserer tenestene og arbeidstida. Heiltidskultur skal lønne seg for innbyggjarar, tilsette og kommunen, forklarer Bognøy Kleivdal, og legg til at kommunen ønskjer å vere ein attraktiv arbeidsplass og ein god kommune å bu i.

– Dette skal vi få til! Det er eit lagarbeid og det er stor vilje til å arbeide systematisk med heiltidskultur.

Heiltidskultur er ikkje noko nytt for kommunen

Fleire tiltak har vore arbeidd med ei stund, mellom anna innan rekruttering og utprøving av ulike arbeidstidsordningar. Deltidsstillingar er ei utfording fleire stader, men helse- og omsorgssektoren peikar seg som sagt ut.

– Forsking viser at heiltidskultur medverkar til å sikre kvaliteten i tenestene. Den utviklar sterke fagmiljø, aukar kompetansen og gir betre bruk av den kompetansen kommunen alt har, noko som kjem innbyggjarane til gode. Gevinsten av heiltidskultur er også eit godt arbeidsmiljø i form av stabile rammer og kjennskap til arbeidsplassen og kollegaer, meir sjølvstendige medarbeidarar, mindre vikarbruk, samt kontinuitet i drifta og betre tenester til brukaren, seier varaordførar Øyvind Oddekalv (Ap), som brenn for prosjektet.

Lyser ut fulle stillingar

Kommunen skal ha ein heilskapleg rekrutterings- og arbeidsgivarpolitikk; det skal i størst mogleg grad lysast ut fulle stillingar som tilsette kan stå i over tid.

– Sjølv om målet er høg yrkesaktivitet og at fleire skal jobbe i fulle stillingar, skal det likevel vere rom for at tilsette kan jobbe redusert. Det er aktuelt ved til dømes redusert arbeidsevne eller i periodar med omsorgsoppgåver, seier Oddekalv.

Initiativ frå fagrørsla

Problemstillinga er ikkje ny. Arbeidet for større stillingar byrja for om lag 30 år sidan, som initiativ frå fagrørsla. Sidan har gevinstane for arbeidsgjevar og brukarar av tenestene blitt lagt vekt på. Dei siste åra er det arbeidd meir systematisk for å utvikle heiltidskultur i kommunenoreg, fortel Bognøy Kleivdal, som gler seg til å ta fatt på arbeidet, på fulltid.

– Vi er opne for å lære av andre, tilpasse og utvikle eigne løysingar. Medverknad og samarbeid på tvers er viktig for å lukkast. I fellesskap skal vi finne våre mål og setje i gang lokale tiltak for å utvikle heiltidskultur, avsluttar Bognøy Kleivdal.