HeimNyhendeVil du bli med på Alver-dagen?

Vil du bli med på Alver-dagen?

 

På Alverdagen får innbyggjarar og tilreisande moglegheit til å bli kjent med mykje av det Alver har å by på. Arrangementet skal vera ein møteplass for heile den nye kommunen der frivilligheit, aktivitet og det gode liv i Alver skal vera i fokus.

Alverdagen er ein flott moglegheit for din organisasjon til å visa kva de driv med på ein spanande og kreativ måte. Dei fleste utstillingane skal vera inne i nye Knarvik barneskule, men om nokon ynskjer å stilla med t.d. båtar, bilar, dyr eller anna som eignar seg best ute eller som er plasskrevjande, vil det vera nokre utstillingsplassar utanfor bygget. Det er gratis for lag og organisasjonar å stilla, og det vert kåring av beste stand med ein fin premie til vinnaren!

I løpet av dagen vil det verta ei rekkje aktivitetar og kulturinnslag, og sjølvsagt høve til å kjøpa mat.

Målet er at dagen skal bidra til å skapa ei fellesskapskjensle blant alverbuane og ei stoltheit over det den nye kommunen har å by på.
Påmeldingsfristen er 8. september.

Her kan du lese meir om Alverdagen, og for påmelding (frist 8.september).


Sist oppdatert: 03.07.2019
Publisert: 03.07.2019