HjemNyheiterVi søker menn til helsefaget

Vi søker menn til helsefaget

Vestland fylke satsar vidare på prosjektet Menn i helse, og Alver kommune søker seks kandidatar som ønsker å bli helsefagarbeidar.
Publisert: 05.01.2023
Sist endra: 05.01.2023

Det nasjonale rekrutteringsprogrammet tilbyr arbeidssøkande menn mellom 25 og 55 år eit komprimert utdanningsløp.

Eit nytt kull skal no starte opp i Vestland, og Alver kommune ønsker å gi inntil seks kandidatar dette unike tilbodet som gir fagbrev som helsefagarbeidar.

Er du vår neste mann?

Bli med på informasjonsmøte 24. januar kl.12.00. Møtet er på Amalie Skram vidaregåande skule, Lungegårdskaien 40, 5015 Bergen.

Du melder deg på via NAV. Ta kontakt med din rettleiar.

Trykk her for informasjon om påmelding

Påmeldingsfrist er 23. januar.

Etter informasjonsmøtet blir det gjennomført intervju med dei som ønsker. Blir du plukka ut, startar du på ein 12 vekers praksisperiode som helserekrutt på til dømes ein sjukeheim. Du får tett oppfølging og rettleiing undervegs.

Etter praksisperioden blir det sommarjobb og deretter vidare utdanningsløp fram mot fagbrev som helsefagarbeidar.

Har du spørsmål om Menn i helse?

Ta kontakt med din rettleiar i NAV eller kontakt fylkeskoordinator Kjetil Kvidahl på 97 74 80 55 eller kjetil@mennihelse.no

Trykk her for meir informasjon om Menn i helse