HeimNyheiterVelkommen til keramikk-utstilling i Knarvik

Velkommen til keramikk-utstilling i Knarvik

Kunst laga av elevar i 8. klasse på Rossland skule prydar lokala til innbyggjarservice.
Publisert: 24.01.2023
Sist endra: 24.01.2023

Fantasi-fiskar i alle fasongar heng på utstilling. 45 unge kunstnarar i 8. klasse på Rossland skule har vore med på eit spennande kunstprosjekt.

– Klart det er veldig stas å få vera med på ei skikkeleg utstilling, vi føler oss jo litt som ekte kunstnarar. Og så har det jo vore spennande og gøy å få læra kunsten av profesjonelle folk, seier elevane Marta, Linea og Enzo.

Keramikar Elisabeth Holt har vore læremeister, både for elevane frå Rossland og Vestbygd skule.

– Det er utruleg bra at skulane satsar på slike kunstprosjekt og på den måten bidreg til å bevara kunst- og handverksfaga. Desse faga er utviklande for kropp og sjel, for heile personen, seier Holt.

Først skisse – så leire og kjevle

Rossland-elevane var først på KystLiv-utstillinga i Galleri Rustica for å få inspirasjon og laga skisse til sitt eige arbeid, før dei tilbake på skulen gjekk til verket med leire, kjevle og anna utstyr.

Marta, Linea og Enzo fortel at dei fekk frie tøylar når dei skulle velje korleis keramikk-fisken skulle sjå ut.

– Det måtte slett ikkje vera nokon gjenkjenneleg fisketype, berre at folk kunne sjå at det var ein fisk. Det var veldig kjekt å jobba med, og ekstra spennande etter kvart som vi såg fisken tok form.

Dei håpar mange stikk innom for å sjå utstillinga hjå innbyggarservice på Amfi Knarvik.

Rossland-elevane Marta, Enzo og Linea med sine fiskar på utstillinga.