HeimNyhendeUtlegging av liste over eigedomsskatt 2019

Utlegging av liste over eigedomsskatt 2019

I samsvar med eigedomsskattelova § 15 og Radøy kommune sine vedtekter for sakkunning takstnemnd, §7, vert det 1. mars 2019 lagt ut skatteliste til offentleg gjennomsyn. 

Skattelista er tilgjengeleg på sørvistorget og på Radøy kommune sine heimesider, radoy.kommune.no og vil vera tilgjengeleg i fire veker frå 1. mars 2019.

Eigar eller rekningsmottakar kan klaga på taksten som er lagt til grunn for eigedomsskatten. Klage kan setjast fram kvart år i samband med utskriving av eigedomsskatt, dersom det ikkje er klaga på same grunnlag tidlegare år. Klage må sendast skriftleg innan seks veker etter utlegginga.


Klage skal sendast til:
Radøy kommune
Eigedomsskattekontoret
Radøyvegen 1690
5936 Manger


Sist oppdatert: 19.02.2019
Publisert: 19.02.2019