HeimNyhendeUngdom står klar til å ta ditt oppdrag

Ungdom står klar til å ta ditt oppdrag

Radøy kommune har også denne sommaren Ung jobb-tilbod, og frå i dag kan du melda inn ditt oppdrag.

Ung jobb er eit sommartilbod for ungdom mellom 15-19 år som har lyst å arbeida og eit tilbod til personar som treng hjelp til ulike oppdrag.
Døme på oppdrag kan vera:  Plenslått, slåttarbeid, hagearbeid, maling, hjelp i heimen (t.d. vasking, støvsuging, vask av vindauge), barnepass og maling.
Minstelønna er på kr 120,- timen.

Dei som har oppdrag kan ta melda frå til Sørvistorget på tlf 56349000.


Sist oppdatert: 09.07.2019
Publisert: 09.07.2019