HeimNyhendeUngdom klar for kuult nattleg gøymespel

Ungdom klar for kuult nattleg gøymespel

Det er Fellesnemnda for ungdomsråda i Radøy, Meland og Lindås som står bak arrangementet på Risøy laurdag 27.april. Dette er eit tilbod til ungdom mellom 8.kl-2.VGS.
«Seek`n find» er ei form for gøymespel som går over heile natta i eit avgrensa område. Deltakarane må melda seg på som med mellom to og åtte på kvart lag. Konkurransen går ut på å setja opp ein base i skogen, helst så lite synleg som mogleg. Når du har gjort dette og spelet har byrja, skal du ut å prøva finne andre sine baser. Laget får eit poeng for kvar base som vert funne, men også eit minuspoeng dersom nokon andre finn din base.

- Tanken bak arrangementet er å samla ungdom i den nye Alver kommune, men ungdom frå andre kommunar er sjølvsagt invitert til å vera med. Her er konkurranseinstinktet på plass, mens andre igjen er med først og fremst for å ha det sosialt saman med andre ungdomar, seier ungdomskoordinator Katarina Birkeland.
Arrangementet startar laurdag 27. april kl. 18, og blir avslutta kl 06.00 neste dag. Alle deltakarane blir henta i Lauvås-krysset mellom kl. 17.30-20.00. Det kostar ein hundrelapp å delta. Dette vert betalt i registreringa når du kjem til start.

Arrangørane har også leigd inn to bussar som skal syta for at ungdomane kjem seg heim igjen for ein 50-lapp om morgonen.Ungdomskoordinatoren minnar folk på at dei må ta med eige utsyr, det vert ikkje utlån. Alle ungdommar som er påmeldt vil få eit informasjonsskriv når arrangementet nærmar seg. Kart får du utdelt i innsjekkinga.

Arrangørane gler seg til eit super arrangement og håpar mange har lyst å vera med. For meir informasjon, eller om frivillige organisasjonar og føresette ønskjer å hjelpa på arrangementet, kan de ta kontakt med ungdomskoordinatorane i Radøy eller Lindås. Katarina.birkeland@radoy.kommune.no eller robert.lorang.hansen@lindas.kommune.no


Sist oppdatert: 05.04.2019
Publisert: 05.04.2019