HeimNyhendeUng jobb-tilbod også i sommar

Ung jobb-tilbod også i sommar

Alle som ønskjer å få oppdrag, må først fylla ut eit søknadsskjema og levera dette på eit møte i ungdomsklubben måndag 29. mai.

- Alle som ønskjer å delta må stilla på møtet, der det også blir gitt meir informasjon om Ung jobb. Ein må vere busett i Radøy for å få vere med på Ung jobb.

Ung jobb er eit tilbod både til ungdom som vil ha arbeid, og til personar som har behov for hjelp til ulike oppdrag. Dei som vil vera med må kunne arbeida over fem veker i løpet av sommaren – og minst tre veker samanhengande.
- Me kan ikkje lova kor mykje arbeid den enkelte vil få. Det er avhengig av kor mange oppdrag me får, og kor mange som ungdomar som er med, seier ungdomskoordinatoren.

Les meir om ung jobb 2019


Sist oppdatert: 24.04.2019
Publisert: 24.04.2019