HeimNyhendeTreng fleire bøsseberarar

Treng fleire bøsseberarar

Det er behov for folk på følgjande ruter: Kjenes/Innsylta/Rikstad, Bø/Bøelva aust, Nordbø, Haugland og Kvalheim/Fløholmen.

Om du har mulegheit til å vera med på søndag – så kan du melda frå til Radøy kommune på tlf 56 34 90 00, eller på e-post til postmottak@radoy.kommune.no

Årets TV-aksjon går til organisasjonen Care sitt arbeid for kvinner sine rettar. Aksjonen har fått namnet «Nå er det hennes tur» og skal gje kvinner i nokre av verdas mest sårbare område eit betre liv.
Care er ein global bistandsorganisasjon som arbeidar i 95 land. I tillegg til å jobba for varig endring, gir CARE livsviktig nødhjelp til menneske som vert ramma av naturkatastrofer og konfliktar. 


Sist oppdatert: 24.10.2019
Publisert: 14.10.2019