HeimNyhendeTilskot til integrering og inkludering

Tilskot til integrering og inkludering

Tilskotsordninga har som føremål å stimulere til deltaking i kultur- og fritidsaktiviteter for menneske med særskilte behov, samt for flyktningar og innvandrarar, som har behov for særskilt tilrettelegging for integrering i lokalsamfunnet. Tiltak retta mot barn og unge vert prioritert

Det kan søkjast om midlar til:

  • arrangement som krev særskilt tilrettelegging for deltaking for målgruppene.
  • andre tiltak i tråd med målsettinga for tilskotet kan vurderast særskilt.

Det vert ikkje løyvd midlar til å dekke lovpålagte tenester over tilskotsordninga.

Ramma for tildeling er kr 80 000 fordelt med kr 40 000 pr halvår. Søknadsfrist 1. mars og 1. oktober.


Sist oppdatert: 18.02.2019
Publisert: 18.02.2019