HeimNyhendeTidenes beste resultat for Radøy kommune

Tidenes beste resultat for Radøy kommune

Radøy kommune held fram den gode trenden, og det aller siste resultatet som kommunestyret skal vedta, er tidenes beste.

Radøy kommune fekk for 2018 eit netto driftsresultat på16,5 mill. kroner -eller 3,6%, og eit mindreforbruk (botnline) på 21,4 mill kroner - eller 4,66%.

- Dei gode tala skuldast i hovudsak tilskot frå havbruksfond og inntektsutjamning grunna god skatteinngang på landsplan. Vidare er drifta samla sett innafor budsjettrammene, noko som stadfester nøktern drift og god budsjettoppfølging hjå leiarane våre, seier rådmann Jarle Landås.

- Dette er tal langt over noko vi har sett tidlegare, seier ordførar Jon Askeland. Han rosar  rådmannen og dei tilsette for resultatet, og understrekar at dersom ein ser bort frå eingongseffekten i havbruksfondet på kr 15,7 mill kr, så er det skatteinngangen kombinert med god leiing av drifta som løftar resultatet. Budsjett for 2018 var om lag i balanse.

Ordføraren uttrykkjer glede over at Radøy går inn i Alver med sunn økonomi, og trekkjer fram at resultata dei siste åra er ein lagsiger. Ordføraren understrekar takksemd til heile det politiske miljøet, som har stått saman om hovudlinjene gjennom dei økonomisk vanskeleg åra.
- No haustar me av dette, avsluttar han.

Rekneskapen er ikkje revidert, og kommunen tar som vanleg atterhald om revisjonshandsaminga.


Sist oppdatert: 18.02.2019
Publisert: 18.02.2019