HeimNyhendeStartar asfaltering av kommunale vegar

Startar asfaltering av kommunale vegar

Fleire kommunale vegar vert asfaltert i løpet av dei næraste dagane. Asfalteringa startar på strekninga Sæbø kyrkje til Sæbøvågen tirsdag.
- Det vil ikkje vera mogleg å kjøra bil på dette strekket medan arbeid pågår og i inntil tre timar etter at arbeidet er avslutta, seier Dag Sætre ved teknisk etat i Radøy kommune.
Etter at dette strekket er ferdig asfaltert, står vegen frå kryss Mangersnesvegen og utover neset for tur same dag. Her vil vegen verta stengt frå kl. 10.00.

Det kan også verta asfalteringsarbeid i Huldredalen i løpet av tirsdag.

Onsdag pågår arbeidet ved Knappen - frå kryss 565 til bru, på nedre Mjøs - og frå Rosenlund til Real Maskin.

Torsdag vert det asfaltert ved Hordabø skule - medrekna busslomme og delar av Listveitvegen. Resten av Listveitvegen - og det er håp om også å få lagt dekke på gangveg i Austmarka fredag.
- Me tar atterhald om at det kan verta avvik frå planen, seier Dag Sætre.

- Det vert ikkje mogleg å kjøra bil på asfalterte strekningar medan arbeidet pågår og inntil tre timar etter at arbeidet er avslutta. Dette for at asfalten skal få kjølna, og dermed sikra at eit godt resultat på det nye asfaltdeket.


Sist oppdatert: 03.06.2019
Publisert: 03.06.2019