HeimNyhendeSpelemidlar til anlegg for idrett og fysisk aktivitet

Spelemidlar til anlegg for idrett og fysisk aktivitet

Ein kan søkja om tilskot til følgjande:

  1. Ordinære anlegg
  2. Nærmiljøanlegg

Stønaden er i hovudregel 1/3 av godkjend kostnad for dei fleste ordinære anlegga. 50.000,- kroner er minste stønadssum. Nærmiljøanlegg kan få inntil 50% støtte, med ei øvre tilskotsgrense på 300.000,- kroner. Nedre tilskotsgrense er 25.000,- kroner.

Før ein kan søkja spelemidlar, må anlegget vera registrert i anleggsregisteret. Ordninga med idrettsfunksjonell førehandsgodkjenning er avvikla.

Alle søknader skal fremjast elektronisk. For meir informasjon om ordninga og søknadsskjema, sjå www.anleggsregisteret.no. På https://www.anleggsregisteret.no/anlegg-for-idrett-og-fysisk-aktivitet/soknadsprosess/ finn du informasjon om søknadsprosessen. 


Treng du hjelp?

Har du spørsmål om søknadsprosessen eller treng hjelp til å fylle ut søknaden? Ta kontakt med rådgjevar kultur Bente K. Hervik tlf. 56 34 90 12 eller e-post bente.hervik@radoy.kommune.no


Sist oppdatert: 18.09.2019
Publisert: 18.09.2019