HeimNyhendeVel møtt til barnehage og skule

Vel møtt til barnehage og skule

Barnehagane i Radøy ønskjer velkomen alle nye barnehageborn og deira føresette, og til alle «gamle» barnehageborn og føresette.
Ein del barnehageborn skal bytta avdeling og går også ei spanande tid i møte.
 

60 førsteklassingar
Det er i alt 60 jenter og gutar som skal begynna i 1. klasse i dei fire barneskulane i Radøy. Første skuledag er torsdag 16. august. Skulane ynskjer både nye og gamle elevar vel møtt til nytt skuleår.

Austebygd skule:
Alle møter i gymsalen torsdag kl. 08.15 – der me startar skuleåret med ei felles samling for alle.

Hordabø skule:
Alle elevane på Hordabø skule skal møta torsdag kl. 08.10 i gymsalen.

Manger skule:
Skulestart torsdag kl. 8.30. (For 1.-4.klasse: 8.30-13.15. For 5.-7. klasse: 8.30-14.10)

Sæbø skule:
2. -7. klasse byrjar til vanleg tid kl. 08.00

1. klasse byrjar kl. 08.30 – oppmøte i klasserommet (same som førskuledagen)

Radøy ungdomsskule:
​Første skuledag er torsdag kl.08.30, med frammøte i Utstillingshallen.


Sist oppdatert: 13.08.2019
Publisert: 13.08.2019