HeimNyhendeSiste skuledag for Oddvar etter 44 år - aldri sjuk

Siste skuledag for Oddvar etter 44 år - aldri sjuk

- Det står veldig respekt av den innsatsen Oddvar Stang har lagt ned. Det er sjeldan vare i dag at nokon er på same arbeidsplass i så mange år som han har vore, seier rektor Vigdis Villanger ved Austebygd skule. Ho er imponert over at den ferske pensjonisten har vore lærar i så mange år og aldri vore sjuk.

Eldsjel for uteskule

Oddvar Stang har hatt god helse og halde seg i god form heile livet.
- Han har gått mykje i skog og mark. Dette er noko Oddvar har overført til elevane, t.d. gjennom uteskulen, seier Vigdis Villanger, som også framhevar Oddvar som ein svært god kollega.

Han har vore ei eldsjel for uteskule på Austebygd og er glad for at 1.-4. klasse har praktisert uteundervisning ein dag i veka.
- Det trur eg gjer at elevane får betre kjennskap til nærområdet sitt, og lærer å verta glad i heimbygda si. Og dei lærar om kva dyr, fuglar og vekstar som finst i området sitt, seier Stang. I dag ser han attende på mange fine turar og gode opplevingar med elevane.


God tid i skulen
- Dette er ein rar dag, og sjølvsagt vemodig at eit langt kapitel no er over, seier Oddvar Stang, etter 41 samanhengande år som lærar på Austebygd skule. Før det var han lærar to år på Manger og eitt år på Osterøy.

67-åringen synest han har hatt ei god tid i skulen.
- Me har i fellesskap klart å finna løysingar på dei utfordringar som måtte oppstå. Han synest elevane har vore greie, og han har hatt ein god dialog med foreldra. Han rosar også kollegaene sine.
- Det er uvurderleg å jobba i eit kollegium der alle er opptekne av å hjelpa kvarandre, seier han.

Småbruk og fiske

Oddvar Stang held fram som småbrukar, med sau og storfe på garden. No håpar også å få meir tid til å dra ut med snekka si og fiska. Og han ser fram til fleire fjellturar.
- Skal nok ikkje bli arbeidslaus, seier den spreke pensjonisten.


Sist oppdatert: 28.06.2019
Publisert: 25.06.2019