HeimNyhendeSæbø skule i drift igjen etter branntilløp

Sæbø skule i drift igjen etter branntilløp

Det vil vera ordinær drift igjen på Sæbø skule frå torsdag, etter branntilløpet tysdag kveld.

Skadane er små etter at det tok fyr i ein keramikkovn i kunst- og handverkssalen på skulen.

- Kunst- og handverkssalen vil vera stengt inntil vidare. Bortsett frå dette rommet vil skulen bli tatt i bruk igjen til undervisning frå torsdag morgon.

Også i dag, onsdag, er elevane på skulen. Etter samling i gymsalen vert det i dag gjennomført uteskule.


Sist oppdatert: 15.05.2019
Publisert: 15.05.2019