HeimNyhendeRadøy kommunestyre er historie

Radøy kommunestyre er historie

 

Jon Askeland har klubba for det siste vedtaket i Radøy kommunestyre si historie. Tirsdag 15. oktober blir han valt til den første fylkesordføraren i nye Vestland fylke.

Sara H. Sekkingstad, som er medlem i kommunestyret i Radøy, og har vore det i to periodar, blir valt til ordførar i Alver kommune når kommunestyret konstituerer seg torsdag 17. oktober. Dette møtet vert halde i rådhuset i Meland.

Radøy kommunestyre skal ha ei siste samling i desember, men det vert høgst truleg utan vedtakssaker. Ordførar Jon Askeland ønskte difor kommunestyret velkomen til eit historisk møte i kommunestyresalen 3. oktober. Han ønskte samtidig Sara Hamre Sekkingstad lukke til som den første ordføraren i Alver kommune.


Sist oppdatert: 10.10.2019
Publisert: 10.10.2019