HeimNyheterRadøy kommune digitaliserer utsending av faktura

Radøy kommune digitaliserer utsending av faktura

Eit ledd i dette arbeidet er at me no har starta med automatikk kring utsending av fakturaer. Me ønskjer å senda minst mogleg papirfaktura for å verna miljøet. I tillegg er papirfaktura det mest kostbare alternativet både for kommunen og innbyggjarane.

Kva konsekvensar har dette for deg?

Har du avtaleGiro- eller eFaktura-avtale med kommunen i dag, vil du ikkje merka nokon endring.

Den nye løysinga inneber at alle faktura som kommunen sender ut vert forsøkt levert i følgjande rekkefølgje :

  • AvtaleGiro
  • eFaktura
  • Vipps
  • Digital postkasse (DigiPost, eBoks)
  • epost
  • Levert som papirfaktura i postkassen din.

Avtalegiro

Dersom du har AvtaleGiro, vil betalingsvarselet bli varsla frå bank som i dag eller distribuert digitalt.

AvtaleGiro opprettar du i din eigen bank, og er ei god løysing for deg som ikkje har nettbank eller andre digitale løysingar. Melding om komande trekk vil du få på kontoutskrift frå banken din, eller som eigen varsling frå kommunen.

eFaktura

eFaktura avtale opprettar du i eigen nettbank, og du vil få alle faktura frå kommunen direkte inn i din nettbank klar til godkjenning. Du kan og kombinera eFaktura med AvtaleGiro.

Faktura via Vipps

Dersom du ikkje har AvtaleGiro eller eFaktura vil vi forsøke å sende deg faktura via Vipps. Dette føreset at du brukar Vipps og at du har aktivert tenesta Vipps rekningar under innstillingar i Vipps-appen.

Faktura i Digipost/eBoks

Får vi framleis ikkje sendt faktura til deg, vil me forsøka å senda deg faktura til din Digitale postboks. Dette føreset at du har oppretta digital postkasse, Digipost eller eBoks, og at du ikkje har reservert deg mot mottak av digital post frå det offentlege.

Faktura som vedlegg i e-post

Om du ikkje har AvtaleGiro, eFaktura, Vipps eller Digital postkasse, kan du få faktura tilsendt på epost. Ta kontakt med rekneskapskontoret i kommunen får å få lagt inn korrekt epost på ditt kundenummer.

Papirfaktura

Er det ikkje mogleg å senda fakturaene digitalt på annan måte, blir fakturaen sendt som brevpost.

Faktura som skal sendast til rekneskapsfører/annan mottakar enn deg sjølv

Har du i dag ein rekneskapsfører som tek imot faktura på vegne av deg eller annan mottakar, vil dei nye distribusjonsformane (Vipps, Digital postkasse innbyggjar) overstyra dersom kunden er registrert med personnummer. Då blir faktura sendt til kunden i staden for “annen mottakar”. Vi anbefaler difor dykk som har “annan mottakar” til å ikkje inngå avtale om Vipps eller Digital postkasse.

 


Sist oppdatert: 12.02.2019
Publisert: 21.01.2019