HeimNyhendeRadøy - årets kulturkommune i Hordaland

Radøy - årets kulturkommune i Hordaland

Det er Norsk kulturforum Hordaland som står bak kåringa av årets kulturkommunen. Juryen uttalar at Radøy er ein markant kulturkommune som har gjort kultur til ein viktig faktor i det lokale utviklingsarbeidet.

- Gjennom langsiktige og målretta tiltak har dei etablert kulturpolitiske satsingar som svarer på dei lokale behova, og er innretta etter folketal og geografi. Dei er gode føredøme for andre, heiter det i juryen sine vurderingar.
Juryen ser kommunen si satsing som eit lokalt samskapande løft, som har skapt eit kulturtilbod og kulturformidling som er inkluderande og innbydande – brei og spissa.
- Den breie ungdomssatsinga, samt den spissa satsinga opp mot idretts- og korpsmiljøet bør trekkast særskilt fram. Manger Musikklag er ikkje berre Radøy sin stoltheit, men og Hordaland og Noreg.
Juryen var einstemmig i sin vurdering, og er stolte over å nominera Radøy kommune som Hordaland sin kandidat til å få den nasjonale prisen Norges kulturkommune. Juryen har vore samansett av Anne Gine Hestetun, Fylkesordførar i Hordaland - Per Morten Ekerhovd, Fylkesdirektør kultur og idrett - Lennart Fjell, Leiar NOKU Hordaland.

- Kultur og idrett er berebjelken vår, og verktøyet vårt i å skapa eit betre lokalsamfunn. Det er desse ressursane me har brukt i aktivt samspel for å nå visjonen til Radøy kommune –«Tryggleik, trivsel og livskvalitet for alle», seier ordførar Jon Askeland.
- Me har ikkje eit glitrande Soria Moria-slott. Men, eit mangfaldig kulturliv er gullet vårt. Målretta satsing innan tronge økonomiske rammer, har lagt grunnlaget for at kommunen saman med lag og organisasjonar har gjort eit kulturelt løft som me er stolte av, seier Askeland


Sist oppdatert: 28.02.2019
Publisert: 28.02.2019