HeimNyheterVelkomen til den nye nettsida vår

Velkomen til den nye nettsida vår

Ei kommunal nettside inneheld mykje informasjon og skal dekka mange ulike behov. 

Kva er nytt?

Me har fått på plass «Min side», der du kan logga på og finna snarvegar til Altinn og Lånekassen. Her kan du og finna fakturaer frå kommunen og be om betalingsutsetjing.

På sikt vil «Min side» gje alle innbyggjarane i Radøy kommune ei oversikt over eige forhold til kommunen. Me jobbar vidare med å få på plass fleire tenester på «Min side», og vil informera etterkvart som dei kjem på plass.

Du vil og oppleva at sida ser annleis ut. Me har gjeve meir plass til tenester, mindre til nyheiter og kalendar. Dette har me gjort fordi me veit at dei fleste kjem til ei kommunal nettside for å finna informasjon om tenestane våre, til dømes barnehage eller byggjesak.

Saknar du noko?

Ta gjerne kontakt med oss. Alle innspel og spørsmål gjer oss betre.

Send tilbakemeldinga di til postmottak@radoy.kommune.no

 


Sist oppdatert: 12.12.2018
Publisert: 12.12.2018