HeimNyhendeNøtlevåg-vegen stengd i perodar

Nøtlevåg-vegen stengd i perodar

I denne omgang er det grøftereinsk og opprydding i stikkgrøfter som skal gjerast.

- Det gjer at vegen må stengast i periodar, og då må folk som skal til og frå bruka omkjøringsveg om Askeland, seier Dag Sætre i teknisk etat i Radøy kommune. Dette er eit arbeid som vil pågå frå onsdag og ut veka.

Seinare er det planen å oppgradera sjølve veganlegget.
- Me skal forsterka berelaget i vegen slik at den tåler meir. Dette arbeidet må gjerast før vegen kan asfalterast, seier Sætre. Det er sett av ein million kroner til oppgradering av Nøtlevåg-vegen.


Sist oppdatert: 12.06.2019
Publisert: 12.06.2019