HeimNyhendeNordhordland brann og redning

Nordhordland brann og redning

Den nye brannregionen omfattar kommunane Modalen, Meland, Lindås Austrheim og Radøy. Lindås kommune vert vertskommune for samarbeidet. Frå 2020 blir Alver kommune vertskommune.

NHBR får felles leiing plassert med hovudstasjon i Knarvik (Stølen 7). Totalt blir vert det 115 deltidstilsette fordelt på seks stasjonar. Det vert også etablert ein felles innsatsleiar brann (L 0.1) for heile regionen og utrykkingsleiar (L X.9) ved alle stasjonane.Ved stasjonen i Knarvik vert det fem dagkasernerte konstablar (som i dag). Det vert i tillegg etablert ei eigen feiaravdeling, og samarbeidet på det førebyggande arbeidet vert vidareført gjennom NGIB. Totalt vert det 21 personar på dagtid ved stasjonen i Knarvik.

Nordhordland brann og redning ynskjer å vera ein sentral aktør i beredskapsarbeidet i regionen i framtida, og håpar på eit godt samarbeid med alle sentrale beredskapsaktørar i åra framover. Dette er heilt avgjerande for å lukkast i rolla som leverandør av gode beredskapstenester til innbyggarane i regionen.


Sist oppdatert: 12.02.2019
Publisert: 28.12.2018