HeimNyhendeNo kan du melda oppdrag til Ung jobb

No kan du melda oppdrag til Ung jobb

Treng du hjelp til plenslått og hagearbeid, eller andre gjeremål,  så står det no ungdomar klar til oppdrag. Radøy kommune har også denne sommaren Ung jobb-tilbod, og frå i dag kan du melda inn ditt oppdrag.

Ung jobb er eit sommartilbod for ungdom mellom 15-19 år som har lyst å arbeida og eit tilbod til personar som treng hjelp til ulike oppdrag.
Døme på oppdrag kan vera:  Plenslått, slåttarbeid, hagearbeid, maling, hjelp i heimen (t.d. vasking, støvsuging, vask av vindauge), barnepass og maling.
Minstelønna er på kr 120,- i timen.

Dei som har oppdrag kan ta kontakt med ungdomskoordinator Katarina Birkeland på mob 90696931.


Sist oppdatert: 12.06.2019
Publisert: 12.06.2019