HeimNyheiterNAV Alver opnar nye lokale torsdag 12. august

NAV Alver opnar nye lokale torsdag 12. august

Vi har fått bygd eit heilt nytt publikumsområde i 1. etasje med ulike rom for møter og aktivitetstilbod, drop- in og sjølvbetjeningsløysingar. Nytt venterom med tilgangssystem og toalett er også på plass.

Etter ein lang byggjeprosess gler vi oss no til å starte opp i nye, gode lokale. 

Opningstider

Timeavtalar: Alle kvardagar kl. 09.00 – 14.30

Drop-in/ope for alle: Måndag, tysdag, torsdag, fredag 10.00 – 12.00

  • Ring 55 55 33 33 eller bruk Ditt Nav for kontakt eller hjelp
  • Ring 45 83 92 43 for spørsmål om sosialhjelp. Telefonen er open måndag til fredag 10.00 - 13.30
  • Ring 45 83 29 26 for hjelp av flyktningetenesta. Telefonen er open måndag til fredag 10.00 - 13.30
  • Ring 48 40 54 51 for spørsmål om gjeldsrådgjeving. Telefonen er open tysdag til torsdag. Under ferieavvikling fram til 19. juli er telefonen stengt

Flytteperioden

I flytteperioden 1. august – 12. august vil du kunne møte til drop-in på Innbyggjarservice i Knarvik senter: Måndag, tysdag, torsdag og fredag kl. 12.00 – 13.00.

Frå 1. august vil vårt midlertidige publikumsområde på Frekhaug opphøyre.

Velkommen til NAV Alver!

Under ser du nokre bilete av våre fine nye lokale.

Inngangsparti i Knarvik, sitteområde

Skjerm i ingangspartiet

Inngangspartiet i Knarvik


Sist oppdatert: 22.07.2021
Publisert: 22.07.2021