HeimNyheiterManglar du breibandstilbod?

Manglar du breibandstilbod?

Alver kommune har eit mål om at verksemder og husstander skal ha eit tilfredsstillande tilbod om breiband (minst 30 Mb/s nedlasting.)
Publisert: 07.05.2021
Sist endra: 30.06.2023

Mykje er alt bygd ut, til dømes heile gamle Radøy kommune, men ikkje alt er på plass i heile Alver.

Mange har hatt internett på Telenor sine telefonliner (koppartråd). Telenor har varsla om at dette tilbodet fell bort, og vil bli erstatta av radiobasert breiband over mobilnett 4G eller 5G. Bortfall av koppartråd kan føre til behov for fleire utbyggjingsprosjekt i kommunal regi.

Oversikt over tilbod

I adresselista under kan du sjå kva for områder kommunen har bygd ut eller er under utbyggjing.

Trykk her for adresselista

I tillegg er det områder som er bygd ut utan kommunalt medverknad. Du kan sjekke om din adresse alt har tilbod på nettstadane under:
Trykk her for breiband - Telenor
Trykk her for breiband - Altibox (Bergen Fiber eller NettStar)

Har du internett-tilgang, men er usikker på kapasiteten, kan du teste på https://www.nettfart.no/nb/test.
Best å teste med pc eller nettbrett. Kople til nettverkskabel (ikkje trådlaust) når ingen andre i huset nyttar lina.

Manglar du tilbod?

Manglar du breibandstilbod (minst 30 Mb/s nedlasting) og det heller ikkje er planlagt bygd ut til din adresse, så meld frå via skjemaet under.

Trykk her for å melde ifrå om manglande breiband.

Meldinga er til hjelp i kommunen sitt vidare arbeid med å nå mål om tilfredsstillande breiband.