HeimNyhendeKurs for deg som ynskjer å bli treningskontakt

Kurs for deg som ynskjer å bli treningskontakt

Mål for kurset:

Målet for kurset er å gje kompetanse til treningskontaktar, som skal kunna skapa positive opplevingar rundt idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv. Som treningskontakt kan du jobba med enkeltindivid eller grupper for å sikra trivsel og meistringsopplevingar.

Målgruppe:

  • Personar med interesse for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv som ynskjer å jobba med menneske
  • Trenarar og vaksne medlemmer i idrettslag og turlag
  • Personar som arbeider som støttekontaktar i dag
  • Tilsette innan psykiatrien, helse- og sosialtenesta, aktivitetsleiarar og fritidsleiarar
  • Ulike faggrupper innan rusfeltet og psykiatriske institusjonar


NB: For å delta på kurset må du vera fødd 2001 eller tidlegare!

Kursinnhald:

  • Treningslære, treningsleiing, motivasjon og relasjonsbygging
  • Rusproblematikk og psykiatri
  • Personar med ekstra behov for tilrettelegging
  • Enkel innføring i anatomi og ernæring
  • Ulike aktivitetar, ute og inne
  • Skriftleg heimeoppgave

 

Kursstad og -tid:

Rådhuset på Manger

Radøyhallen

Fredag 18. januar 

Lørdag 19. januar

Søndag 20. januar

Kl. 17.30-21.00

kl. 10.00 – 17.00

kl. 10.00 – 17.00

 

Radøyhallen

Lørdag 2. februar

Søndag 3. februar

kl. 10.00 – 17.00

kl. 10.00 – 17.00

 

Påmelding:

Påmelding til Bente K. Hervik tlf. 56 34 90 12 eller på e-post bente.hervik@radoy.kommune.no innan 6. januar 2019.

NB! Avgrensa tal på plassar

Pris:                                

Alternativ:

  1. Kr 500,- inkl. mat, drikke og kursmateriell for deg som er folkeregistrert i Radøy kommune og bind deg til å ta tildelte oppdrag som treningskontakt i Radøy kommune ut 2019. Ungdomar f. 2000 og 2001 som er folkeregistrerte i Radøy kan søkja ungdomsrådet om å få dekka påmeldingsavgifta
     
  2. Kr 2450,- inkl. mat, drikke utan bindingstid og for deltakarar frå andre kommunar.

Kursavgifta må vera betalt før 15. januar for å få delta på kurset. Informasjon om betaling får du ved påmelding.

                                                                      

Kontaktpersonar:             

Radøy kommune
Rådgjevar kultur Bente K. Hervik
bente.hervik@radoy.kommune.no
tlf. 56 34 90 12

Radøy idrettsråd
Leiar Bjørn Ove Myking
idrettsradet@radoy.kommune.no
tlf. 901 43 964

Hordaland Idrettskrets
Gunn Hilde Øymo
gunnhilde.oymo@idrettsforbundet.no
55 59 58 00 / 922 16 013


Sist oppdatert: 12.02.2019
Publisert: 30.11.2018