HeimNyhendeKulturprisen i Radøy 2019

Kulturprisen i Radøy 2019

Olav Steinar Namtvedt fekk Radøy kommune sin kulturpris i 2018. Her flankert av Steffen Vestheim Sævdal og ordførar Jon Askeland.

Kulturprisen vert gjeve til einskildpersonar, grupper, organisasjonar og lokale institusjonar for aktivt, frivillig kulturarbeid over lang tid. Profesjonelle kulturarbeidarar som driv kulturverksemd på nasjonalt nivå, eller som gjennom særs gode einskildprestasjonar har utmerka seg, kan òg få kulturprisen. Her skal det leggjast vekt på om arbeidet eller prestasjonane gjev positive ringverknader lokalt. Kulturprisen skal ikkje tildelast landsomfattande organisasjonar/institusjonar og heller ikkje personar tilsette i slike organ. Den eller dei som får kulturprisen skal bu eller verka i Radøy kommune. Ingen einskildperson kan få prisen meir enn ein gong.

Forslag til kulturprismottakarar kan fremjast av innbyggjarar eller lag og organisasjonar heimehøyrande i Radøy kommune.  Forslaga skal vera grunngjevne. Frist for å koma med framlegg på kandidatar er sett til 1. september. Framlegga skal sendast Radøy kommune, Radøyvegen 1690, 5936 Manger eller på e-post til postmottak@radoy.kommune.no

For meir informasjon om kulturprisen, sjå https://www.radoy.kommune.no/innhald/natur-kultur-og-fritid/prisar-idrett-og-stipend/

Foto: Olav Steinar Namtvedt fekk Radøy kommune sin kulturpris i 2018. Her flankert av Steffen Vestheim Sævdal og ordførar Jon Askeland. 


Sist oppdatert: 12.08.2019
Publisert: 12.08.2019