HjemNyheiterVinnar av kulturprisen er Barbro Wiig Sulebakk

Vinnar av kulturprisen er Barbro Wiig Sulebakk

Kulturprisen går til einskildperson, lag eller organisasjon som har gjort ein særskilt innsats innan kultur, idrett, friluftsliv eller frivilligheit.
Publisert: 13.12.2022
Sist endra: 13.12.2022

I år gjekk altså prisen til komponist, songar og pedagog Barbro Wiig Sulebakk, som driv ZingZang studio og vokalsenter. 

Ordførar Sara Hamre Sekkingstad delte ut prisen og sa mellom anna dette om årets kulturprisvinnar:

Musikk og musikkformidling har vore drivkrafta til årets kulturprisvinnar gjennom heile livet. Som komponist, songar og pedagog har ho hovudfokus på barn og unge.

2022 har vore litt av eit år for kulturprisvinnaren!

Mellom anna har ZingZang-huset opna og er eit fantastisk musikk og dansesenter for unge. 

Ikkje berre ei, men to grupper frå ZingZang deltok i Melodi Grand Prix Junior og gjorde ein flott innsats. 

Sommaren 2021 var ZingZang ein del av Alver kommune sin sommarcamp, og i år er de med i den kulturelle skulesekken, til glede for mange.

Det er ei stor glede å gi Alver kommune sin kulturpris 2022 til Barbro Wiig Sulebakk.

Ordførar Sara Hamre Sekkingstad delte ut prisen til Barbro Wiig Sulebakk under ein konsert med ZingZang. Foto: Roj Ferman