HeimNyhendeJubileum for kransnedlegging på Kvalheim-bauta

Jubileum for kransnedlegging på Kvalheim-bauta

Kontakten til Vesterhavsøyane, England og Skottland har alltid vore god og nær, noko som kom nordmenn til gode då dei måtte rømme frå okkupasjon. Det er tradisjon at dei frammøtte på Kvalheimtunet på nasjonaldagen i takksemd til dei som hjelpte oss under krigen vender seg mot vest, medan musikanane spelar "Ut mot havet" av Edvard Fliflet Breim. Dette er ein gest som vert sett pris på andre sida av havet.
- Då eg fortalde dette under tenninga av julegrana i Edinburgh, skapte det jubel. Og det var rett og slett stort og personleg for meg å få seia det, sa ordføraren i talen.

Hanne Sophie Greve har lenge hatt eit nært forhold til Kvalheimtunet, Skageneset og Ingeborg Skagenes spesielt, og var spesielt invitert til markeringa ved bautaen på nasjonaldagen i år. Då Greve i 2003 fekk prisen "Fangenes testamente" for sitt arbeid for menneskeretta, ville ho dela prisen med seks kvinner som gjorde ein stor innsats under 2. verdskrig, ein innsats som var lite verdsett og ofte gløymt. Ingeborg Skagenes var ei av desse kvinnene. Sidan har det vore ein spesiell kontakt mellom Hanne Sophie og Ingeborg.

Minnesteinen vart gjeven som gåve frå Åse og Karstein Vågenes til alle kommunane i Nordhordland. Bautaen har motiv frå flyktningetrafikken og Englandsfarten mot vest, med Skageneset sentralt plassert i biletet.

Radøy-ordføraren la ned krans, assistert av to barn, Joar og Olav Malvin Mangerøy, som på den måten æra bestefar sin, Robert Malvin Mangerøy, som var i marinen under 2. verdskrig og deltok på D-dagen.


Sist oppdatert: 21.05.2019
Publisert: 21.05.2019