HeimNyhendeInvitasjon til å kome med innspel til rullering av idrettsplanar og utarbeiding av anleggsstrategi

Invitasjon til å kome med innspel til rullering av idrettsplanar og utarbeiding av anleggsstrategi

Idrettsplanane og den samordna anleggsstrategien legg føringar for kommunen sitt arbeid med og satsing på anlegg for idrett, friluftsliv og nærmiljø dei komande åra, og vil også vera styrande for korleis Alver kommune skal prioritere innkomne søknader om spelemidlar. Det er difor avgjerande at anlegg det skal søkjast spelemidlar for kjem med i anleggsstrategien. 

Vi inviterer til innspel og kommentarar til arbeidet innan 14. mai.  Det vert òg referansegruppemøte i kantina i Nordhordlandshallen 20. mai kl. 18-20. 

Innspel kan merkast med «Innspel rullering idrettsplanar», og sendast til din kommune:

postmottak@meland.kommune.no

postmottak@lindas.kommune.no

postmottak@radoy.kommune.no

Du kan òg sende i post, eller levere i resepsjonen/sørvistorget på ditt rådhus.

 


Sist oppdatert: 16.04.2019
Publisert: 16.04.2019