HeimNyhendeMidlar til integrering- og inkluderingstiltak

Midlar til integrering- og inkluderingstiltak

Tilskotsordninga har som føremål å stimulera til deltaking i kultur- og fritidsaktiviteter for menneske med særskilte behov, samt for flyktningar og innvandrarar, som har behov for særskilt tilrettelegging for integrering i lokalsamfunnet. Tiltak retta mot barn og unge vert prioritert.

Det kan søkjast om midlar til:

  • arrangement som krev særskilt tilrettelegging for deltaking for målgruppene.
  • andre tiltak i tråd med målsettinga for tilskotet kan vurderast særskilt.

Det vert ikkje løyvd midlar til å dekke lovpålagte tenester over tilskotsordninga.

Det er kr 40 000 til fordeling kvart halvår. Søknadsfrist er 1. oktober.

Søknad kan sendast Radøy kommune, Radøyvegen 1690, 5936 Manger eller på e-post til postmottak@radoy.kommune.no

 


Sist oppdatert: 26.09.2019
Publisert: 26.09.2019